Hei!
Eg heiter malene

På denne sida finn du info om kva for tenester eg tilbyr, eksempel på kva eg har gjort, litt om bakgrunnen min, korleis eg jobbar, samt kontaktinformasjon.

Eg tilbyr:

Tenester innanfor dei 4 områda

grafisk design

Grafisk design

Utvikling av design til bruk på både trykte og digitale flater.
Tilpassing til bruksområde og målgruppe.

webdesign

Webdesign

Oppretting av domene, utvikling av design, og publisering for desktop (PC), nettbrett og mobil. Utføring av faste oppdateringar av nettstad.

markedsføring

Marknadsføring

Vurdering av og tilpassing til aktuelle kanalar.
Utføring av faste oppdateringar/ kampanjar. Fotografering og redigering av bilete.

profilering

Profilering

Sal av profilartiklar og trykksaker. Tilpassa til bruksområde og målgruppe.

Eg meiner at

Å bruke tid på design

er å stå for det ein held på med

Med å bruke tid på design tek ein seg sjølv på alvor, ein vert teken på alvor,
ein vekkjer tillit og ein kan syne eit sterkt og tydeleg bodskap.

Kundar og oppdrag

Innblikk

i det eg har jobba med til no

Malene Haave ENK har laga grafisk profil for ulike bedrifter. Nokre nyoppstarta og nokre som ønska seg ei oppdatering. Eg har også laga ein del nettstader, der eg ordnar med alt frå start til slutt – oppsett, design og publisering. Ellers har eg bl.a. teke og redigert bilete og selt profilartiklar.

Eg skreddersyr marknadsføringa for kundane mine – slik at ein kan nå fram med bodskapet sitt på best mogeleg måte.

Anleggsgartnar
Baarøy AS

Grafisk profil - logo, fargar, fontar. Fotografering, redigering og publisering av foto på nettside. Trykk på bilete for å sjå meir.


Saga Skog AS

Grafisk profil - logo, fargar, fontar. Levert diverse profilartiklar. Trykk på bilete for å sjå meir.

Gamlebua
i Stavang

Grafisk profil - logo, fargar, fontar. Oppsett av Facebook-side og Instagram-profil med jamnleg oppdatering. Trykk på bilete for å sjå meir.


Haavetunet

Oppdatert logo og nettside, teke og redigert bilete, og sendt ut e-post-kampanjar. Trykk på bilete for å gå til nettstad.


Kloppemyra

Grafisk profil - logo, fargar, fontar, foto, nettstad, Facebook-side, Finn.no-annonse. Trykk på bilete for å gå til nettstad.


Kjelsnes.no

Nettstad: trykk på bilete for å sjå

Attestar

Her er litt av

kva kundane mine seier:

"Er så fornøgd med plakaten og det andre som Malene Haave har hjelpt meg med å lage"
Linn Christin Fløholm
Gründer, Fryd og Flid
"Flott levert. Godt fornøgd med samarbeid og resultatet."
Tormod Baarøy
Dagleg leiar i anleggsgartnar Baarøy AS
"Veldig flink, hun har laget logo til Saga skog as + fått logoen på klærne, logo på bil (magnet skilt), laget flyers til firmaet. Jeg er kjempe fornøyd, tusen takk for en god jobb. Anbefales."
Cato Lieske
Daglig leder Saga Skog AS
"Svært dyktig og kundeorientert."
Atle Jordahl
Organisasjonspsykolog

ta kontakt

Så finn vi ut

kva som passar for deg

NY-N