Oppdrag

Anleggsgartnar Baarøy AS

Anleggsgartnar Baarøy vart etablert som eit enkeltmannsforetak i 2005 og vart omdanna til AS i 2011. Bedrifta held til i Førde, men tek på seg oppdrag over heile Vestlandet.

Dagleg leiar Tormod Baarøy har i dag 10 tilsette – 3 fagarbeidarar, 2 under opplæring til anleggsgartnar-faget, 5 dyktige arbeidarar med lang erfaring i faget og ellers ein del sesongarbeidarar og utplasseringselevar.
Då Tormod starta firmaet laga han ein logo, som dei brukte fram til 2016 – då han ønskte seg ein ny.
Malene Haave ENK fekk oppdraget, og eg anbefalte han at vi samtidig fann nokre fargar og fontar som dei held seg til i marknadsføringa av bedrifta.
Etter at vi var ferdig med den nye profilen lagde vi bilete med forslag og anbefalinger til bruk av profilen. 
Etter dette oppdaterte eg nettsida til Baarøy med nye fargar og logo.
Sjå heile nettsida til anleggsgartnar Baarøy på: baaroy.no.
Eg tok bilete av nokre av prosjekta deira, redigerte dei, og la dei ut på nettsida.
NY-N