Oppdrag

Saga skog AS

Saga Skog AS vart oppretta av Cato Lieske i februar 2019. Saga Skog AS er ein leverandør av tenester innan hageservice og grunnarbeid. 

Dei held til i Hosteland i Masfjorden kommune, men tek på seg oppdrag frå Bergensområdet og nordover i Nordhordland og Gulen.
For meir info sjå: sagaskog.no
I forbindelse med at Cato oppretta bedrifta tok han kontakt med Malene Haave ENK. Han bestilte logo og ellers bistand til profilering av firmaet. Vi vart einige om at eg skulle levere to logoar, fargepalett og fontar til bruk i profileringa deira.
Etter at eg var ferdig med profilen leverte eg flyer, magnetskilt til bil, merker til klede og klistremerker.
I juli 2019 leverte eg huer med logo på.
I august 2019 leverte eg konvoluttar.
I desember 2019 leverte eg refleksvestar for barn og vaksne – samt visittkort.
I september 2020  leverte eg to nye bilskilt og transfer-merke til klede. Merka vert montert der kunden kjøper arbeidskleda sine. Bestillinga vart sendt med Bring og levert på døra.
BOK-M