Oppdrag

Gamlebua i Stavang

«Gamlebua» brann på tragisk vis ned sommaren 2020. 

«Gamlebua» vart bygd i 1855 av den lokalkjende lekpredikanten Anders Nielsen Haave. Bua vart oppført som note- og fiskebu i ei tid då fisket var ei viktig næring, i tillegg til gardsdrift.

Då eldste sonen, Nicolai, overtok garden, utvikla han bua og starta salteri.

Til bua kom det båtar med sild – som vart salta, silda i tønner og sendt til Bergen.

Nicolai var også dampskipsekspeditør. Den første tida måtte rutebåten “bordast” ute på fjorden, då det ikkje var kai i Stavang.

I 1906 bygde Nicolai kai. Frå då av vart det fast anløp av rutebåt til bygda.

Etter kvart overtok eldste sonen, Anders, Haavetunet og «Gamlebua». I 1911 registrerte han firmaet And. Haave i «Gamlebutikken».

I 1927 overtok Anders som poststyrar etter faren – som hadde kontor og utlevering av post i Haavetunet. Anders åpna då postkontor i etasjen over «Gamlebutikken».

Postkontoret vart nedlagt 1. mars 1959, men butikken var i drift like fram til 1984 då den flytta inn i nye lokale litt lenger inne i vika i Stavang. Då vart eit postkontor på nytt oppretta – og vart lagt i same lokalet som butikken.

Etter Anders Haave var det svigerdottera, Turid Haave, som dreiv butikken i Stavang – fram til 2011.

I 2006 starta André Haave, barnebarnet til Turid, å søke om midlar til restaurering av bua – han ønskte å utvikle bua til eit kulturelt møtepunkt i Stavang.
 Malene Haave ENK fekk i oppdrag å utvikle visuell profil for «Gamlebua i Stavang». Og var også ansvarleg for marknadsføringa av bedrifta. Eg oppretta Facebook-side, Instagram-konto og laga visittkort.
Nytt bygg er no under oppføring på kaia, og Malene Haave ENK har fått i oppdrag å endre logoen.
NY-N